Transport av jegerar på Hardangervidda
Helitrans tilbyr transport av jegerar i forbindelse med reinsdyrjakta på Hardangervidda for 2022. Me vil vere stasjonert på parkeringsplassen ved Fet Garen i Eidfjord/Vøringsfossen.
Me er tilgjengelege ettermiddag/kveld og helg, og på dagtid etter avtale. Me stiller med to store korger og plass til fire jegerar pr. tur. Husk å vise fram jaktløyve og eventuelt landingsløyve på dei områda som krevjar dette.
Sikkerheit og effektivitet he høgste prioritet hjå oss, så me ber dykk hugse på følgande:
- Pakk utstyret ditt forsvarleg.
- Unngå lause gjenstandar som kan vere ein trussel mot helikopterets rotor.
- Separer vitale delar frå våpenet ditt, og oppbevar desse på ein trygg plass.
- Følg alle instruksar frå vår pilot og lastemann.
- Ikkje gå til og frå helikopter med rotor i gang utan klar signal frå vår lastemann.
- Bøyg deg ned når du går under rotor.
- Gå aldri mot helikopterets halerotor, men ha augekontakt med pilot og gå mot helikopter skrått framanfrå.
- Ved avlossing vil lastemann tømme korgene fyst. De forlèt helikopteret på signal frå lastemann og set dykk ned på utsida av helikopter og sikrar bagasje til helikopteret er på god avstand. Om lastemann ber om det, kan kunn ein av passasjerane hjelpe med lossing av utstyr.
- Ved henting på vidda, legg bagasje klar å sikre denne under landing.
- De vil få ein sikkerheitsgjennomgang før avgang og landing, og ein gjennomgang på korleis de skal opptre ved henting.
Ta kontakt med oss i Helitrans på vår jeger telefon 483 12 310 eller send mail til oss på [email protected] for bestilling og pris.
Me håpar det kjem å flyg med oss i Helitrans.